Arrangørane er klare for Palmekystfestivalen vol 2!

Datoen er klar, artistane sloppe og dei to lokale arrangørane er klar for å tilby oss ei runde med ekstraordinær fest og moro. – Dette blir Palmekystfestivalen vol 2, fortel ein av festivalsjefane Sivert Orheim engasjerande. Saman med kompis Leander Høyvik held dei i alt av planlegging og koordinering, og er blitt ein kjent duo i Florø og omland. – No tar vi med oss alt vi lærte i fjor, og lagar ein enda betre, større og kjekkare festival til folket. I år skil vi ut eit «under 18» område for dei mellom 12 og 17 år. I tillegg skal vi ha eit område tilrettelagt dei med ein funksjonsnedsetjing, og utvidar dermed målgruppene for festivalen. Vi ønskjer alle velkommen, og har ingen øvre aldersgrense for å delta, forsett Leander.


Det er ikkje lenge sidan dei var russ
, og no har dei ansvaret for eit av Florøsommarens største høgdepunkt. Klimaksa for festivalen blir nok når sola skin deg i augene, du har noko kaldt i handa, og musikken frå Madcon og Postgirobygget ruvar gjennom høgtalarane. I tillegg kjem også Roc Boys, Waterproof og Rakkerne for å lage liv i Florø sine gater. Med så store namn går billettane unna allereie, og gutane jobbar med å spikre sponsorar og dugnadsarbeid. Det er mykje logistikk som må på plass. – Eg hatar å bruke konsterttida mi på å stå i kø. Vi vil at alle skal få maks tid til å nyte musikken. Difor utvidar vi og køyrer på med enda fleire barar og toalett enn i fjor, fortel Sivert. – Det blir maks fem minutt med køtid, skyt Leander inn.

Expect the unexpected

Alt som skal skje kan dei ikkje røpe, men dei lovar fleire overraskingar for dei som deltar. Dette kan du ikkje gå glipp av, avsluttar Sivert hemmelighetsfullt. 

Her finn du meir informasjon om festivalen, og billettar.

Dele?

Bli med på årets happening på Palmekysten!