Nytt festivalområde for palmekystfestivalen

Datoen er klar, artistane sloppe og dei to lokale arrangørane er klar for å tilby oss ei runde med ekstraordinær fest og moro.  No fortel festivalsjefane at dei har bytta lokasjon for festivalen. Tidlegare var det området rundt Flora Vidaregåande skule som var satt av til Palmekystfestivalen. No kjem festivalsjefane med ei endring, og den nye opphaldsstaden for sommarens største happening er ved Flora Ungdomsskule. Sjå bilete under for oversikt over det nye område. 

Den aller beste løysinga

– Vi gjer løypande vurderingar heile tida, og trur no at vi har landa på den aller beste løysinga, fortel Sivert Orheim. No er det betre tilkomst for publikum, nærmare sentrum og lettare både med tanke på trafikk og henting. I tillegg fortel han at det blir lettare å organisere, samtidig lage eit enkelt og fint oppsett for publikum. Festivalsjefane har hatt møte med både kommunen, politiet, brannvesenet og folkehelseavdelinga – og alle er einige som at dette blir den beste lokasjonen. Vi er med andre ord i trygge hender!

Spennande matnyheiter

– Eg kan røpe at vi har nyheiter når det kjem til matserveringa på festivalen. Det gledar vi oss til å fortelje meir om, avsluttar Leander Høyvik.

Bilete: Omtrent slik vil det nye festivalområdet sjå ut

Dele?

Bli med på årets happening på Palmekysten!