Vi i Sparebanken Sogn og Fjordane er opptekne av å utvikle lokalmiljøa våre, og støttar opp om idrett, arrangement og kultur – også på fagre Palmekysten i Florø. Skulle du trenge hjelp til noko bankrelatert? Vår kunderådgjevar Silje jobbar ved Florø-kontoret og er klar til å hjelpe deg
Som det nyaste tilskotet på Florø-kontoret synest Silje det er spesielt kjekt å hjelpe dei som skal kjøpe sin aller første bustad.
– Å kjøpe sin første bustad kan vere overveldande og skummelt. Å nå ein så stor milepæl skal vere ei kjekk og positiv oppleving – også i møte med banken. Eg har sjølv vore ein nervøs førstegongsskjøpar og veit kva tankar som går gjennom hovudet og kor nervøs ein kan vere. Den kjensla eg hadde den gongen hugsar eg godt. Eg passar derfor på at eg møter kundane mine på ein måte som tryggar dei og sikrar at dei kjenner seg vel i prosessen.