Fjord1 er stolt sponsor!

Fjord1 er stolt sponsor! https://palmekystfestivalen.no/wp-content/uploads/2023/06/Fjord1-v5.mp4 Fjord1 er ein engasjert samfunnsaktør, og ønskjer Palmekystfestivalen lykke til med arrangementet!   Vere med på laget? Det er gode moglegheiter for karriere og utvikling i Fjord1, og vi har eit breitt spekter av stillingskategoriar, både på land og sjø. Vi ser stadig etter nye medarbeidarar med relevant kompetanse, særleg til administrative stillingar innanfor teknologi, innovasjon og miljø. Les meir om karriere og ledige stillingar på nettsida vår her: https://www.fjord1.no/karriere

Sparebanken Sogn og fjordane er stolt sponsor

Sparebanken Sogn og fjordane er stolt sponsor Vi i Sparebanken Sogn og Fjordane er opptekne av å utvikle lokalmiljøa våre, og støttar opp om idrett, arrangement og kultur – også på fagre Palmekysten i Florø. Skulle du trenge hjelp til noko bankrelatert? Vår kunderådgjevar Silje jobbar ved Florø-kontoret og er klar til å hjelpe deg Kunnskap og tryggleik er nøkkelen 34 år gamle Silje Nistad Alræk har elleve års fartstid innan bankbransjen. Etter å ha jobba i Bergen og Førde, landa ho til slutt i heimbyen Florø, der ho begynte som kunderådgjevar i Sparebanken Sogn og Fjordane i juni.I jobben sørger ho for at kundane blir møtt på ein god måte.– Privatøkonomi består av mykje forskjelligog kan vere vanskeleg å forstå seg på. For meg er det derfor viktig at kundane forstår og kjenner seg trygge gjennom heile prosessen, om det gjeld val av sparing eller kjøp av bustad, seier ho.I tillegg til å vere tobarnsmor – tre om du tel hunden Chico – har Silje blitt biten av treningsbasillen, og brukar det meste av eigentida på treningssenteret, spesielt på styrkerommet.  – Skal vere ei kjekk oppleving Som det nyaste tilskotet på Florø-kontoret synest Silje det er spesielt kjekt å hjelpe dei som skal kjøpe sin aller første bustad. – Å kjøpe sin første bustad kan vere overveldande og skummelt. Å nå ein så stor milepæl skal vere ei kjekk og positiv oppleving – også i møte med banken. Eg har sjølv vore ein nervøs førstegongsskjøpar og veit kva tankar som går gjennom hovudet og kor nervøs ein kan vere. Den kjensla eg hadde den gongen hugsar eg godt. Eg passar derfor på at eg møter kundane mine på ein måte som tryggar dei og sikrar at dei kjenner seg vel i prosessen.   Tilgjengeleg og fleksibel I ein kjøpsprosess er det mykje som skal klaffe på kort tid. Skulle det plutseleg mangle ein signatur ein stad, er det godt å ha ein kunderådgjevar å kontakte. – Eg svarar uansett om det er via telefon, e-post eller SMS. Det viktige er at kundane får tak i meg! Ved fleire høve har Silje også sett seg i bilen og køyrt heim til dei for å hjelpe kundar, fortel ho. – Ein fredag oppdaga vi at det mangla ein signatur på eit bustadlån som måtte sendast før måndag. Paret det gjaldt var begge vekke og kunne ikkje kome innom kontoret. Då køyrde eg heim til dei og la papira i postkassa, slik at dei kunne signere i løpet av helga. Måndag morgon var dei sendt. – Det gjeld å tenke løysingar, tenker i alle fall eg!                        Besøk Sparebanken Sogn og Fjordane

Nytt festivalområde for Palmekystfestivalen

Nytt festivalområde for palmekystfestivalen Datoen er klar, artistane sloppe og dei to lokale arrangørane er klar for å tilby oss ei runde med ekstraordinær fest og moro.  No fortel festivalsjefane at dei har bytta lokasjon for festivalen. Tidlegare var det området rundt Flora Vidaregåande skule som var satt av til Palmekystfestivalen. No kjem festivalsjefane med ei endring, og den nye opphaldsstaden for sommarens største happening er ved Flora Ungdomsskule. Sjå bilete under for oversikt over det nye område.  Den aller beste løysinga – Vi gjer løypande vurderingar heile tida, og trur no at vi har landa på den aller beste løysinga, fortel Sivert Orheim. No er det betre tilkomst for publikum, nærmare sentrum og lettare både med tanke på trafikk og henting. I tillegg fortel han at det blir lettare å organisere, samtidig lage eit enkelt og fint oppsett for publikum. Festivalsjefane har hatt møte med både kommunen, politiet, brannvesenet og folkehelseavdelinga – og alle er einige som at dette blir den beste lokasjonen. Vi er med andre ord i trygge hender! Spennande matnyheiter – Eg kan røpe at vi har nyheiter når det kjem til matserveringa på festivalen. Det gledar vi oss til å fortelje meir om, avsluttar Leander Høyvik. Bilete: Omtrent slik vil det nye festivalområdet sjå ut Dele? Bli med på årets happening på Palmekysten! Kjøp billett

Arrangørane er klare for Palmekystfestivalen vol 2!

Arrangørane er klare for Palmekystfestivalen vol 2! Datoen er klar, artistane sloppe og dei to lokale arrangørane er klar for å tilby oss ei runde med ekstraordinær fest og moro. – Dette blir Palmekystfestivalen vol 2, fortel ein av festivalsjefane Sivert Orheim engasjerande. Saman med kompis Leander Høyvik held dei i alt av planlegging og koordinering, og er blitt ein kjent duo i Florø og omland. – No tar vi med oss alt vi lærte i fjor, og lagar ein enda betre, større og kjekkare festival til folket. I år skil vi ut eit «under 18» område for dei mellom 12 og 17 år. I tillegg skal vi ha eit område tilrettelagt dei med ein funksjonsnedsetjing, og utvidar dermed målgruppene for festivalen. Vi ønskjer alle velkommen, og har ingen øvre aldersgrense for å delta, forsett Leander. Det er ikkje lenge sidan dei var russ, og no har dei ansvaret for eit av Florøsommarens største høgdepunkt. Klimaksa for festivalen blir nok når sola skin deg i augene, du har noko kaldt i handa, og musikken frå Madcon og Postgirobygget ruvar gjennom høgtalarane. I tillegg kjem også Roc Boys, Waterproof og Rakkerne for å lage liv i Florø sine gater. Med så store namn går billettane unna allereie, og gutane jobbar med å spikre sponsorar og dugnadsarbeid. Det er mykje logistikk som må på plass. – Eg hatar å bruke konsterttida mi på å stå i kø. Vi vil at alle skal få maks tid til å nyte musikken. Difor utvidar vi og køyrer på med enda fleire barar og toalett enn i fjor, fortel Sivert. – Det blir maks fem minutt med køtid, skyt Leander inn. Expect the unexpected Alt som skal skje kan dei ikkje røpe, men dei lovar fleire overraskingar for dei som deltar. Dette kan du ikkje gå glipp av, avsluttar Sivert hemmelighetsfullt.  Her finn du meir informasjon om festivalen, og billettar. Dele? Bli med på årets happening på Palmekysten! Kjøp billett

Tilbakeblikk frå 2022

Tilbakeblikk frå 2022! Foto: Cecilia Molander Dele? Bli med på årets happening på Palmekysten! Kjøp billett